Utvida opplæring

Det er obligatorisk med fyrstehjelpskurs for alle som utgjer samfunnet Jan Mayen. Doca gjennomførte opplæringa i førre månad, og ho opna samstundes for ei breiare opplæring for dei som hadde lyst til å ta del.

– Kva er det denne opplæringa har gått ut på?

– Det har vore grunnleggande opplæring på vår LP 12, ei maskin som måler blodtrykk, oksygeninnhaldet i blodet, EKG, og som også er ein hjartestartar. I tillegg har me gjennomgått væskebehandling. Det vil seie at me har lært å setje veneflon, eller kanyle som mange seier, slik at ein pasient kan få tilført væske, svarer Trine, som er på Jan Mayen for fyrste gong.

Tilførsle av væske er viktig dersom ein har blitt utsett for sjokk, sirkulasjonssvikt og større blodtap.

– Deltakarane klarte seg veldig bra sjølv om ein bokstavleg stakk av når det blei blodig alvor, seier ho.

Utover hausten og vinteren er det planar om meir opplæring.   

– Me skal i alle fall lære om tilførsle av oksygen, smiler Trine, som er strålande fornøgd med at alle avdelingane på øya har vore med.

– Det er viktig for tryggleiken at fleire enn eg kan grunnleggande fyrstehjelp, og også bruke dei hjelpemidla me har. Det kan skje at eg er den uheldige, eller at eg ikkje er til stades når uhellet eventuelt er ute. Og skulle det vere hendingar av større omfang, er eg heilt avhengig av hjelp, avsluttar Doca.

Opplering 4b Opplering 3b Opplering 2b Opplering 1b

Det er stengt for kommentarer.