Markera 8. mai på Jan Mayen

Under andre verdskrig var det stasjonert ein norsk garnison i Stasjonsdalen på Jan Mayen. Det var derfor naturleg at markeringa av frigjeringsdagen blei lagt til denne staden.

Det står i dag lite att av stasjonen som på det meste husa over 40 personar. Stasjonssjef Tore A. Wensel la ned krans og haldt tale. Fleire av øyas besetning var med på markeringa.

This post has no comments. Be the first to leave one!

Join the discussion

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *