17. mai på Jan Mayen

        

Noregs nasjonaldag blei feira på tradisjonelt vis på Jan Mayen. Dagen starta med flaggheising og tale for dagen av stasjonssjefen. Etter ein god frukost sette 17. maitoget etter kvart kursen mot Metten der det blei servert kaffe og nydelege blåbærsnurrar som kjøkkenet hadde laga.
17. mai er ein travel dag på Jan Mayen, og etter at besøket på Metten var over, stod salutt frå trikkarens sjølvlaga kanon, barneleikar, pølse, is og brus på menyen. Det var eineståande innsats i leikane, og konkurranseinstinktet blei tydeleg hjå enkelte.
Etter ei pause var det klart for firerettars middag i salongen, og maten smaka forteffeleg. Resten av kvelden blei markera og feira på høveleg vis.
Det er også verdt å nemne at det blei visa fleire 17. mai glimt frå Jan Mayen på NRK.

This post has no comments. Be the first to leave one!

Join the discussion

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *